Pyramiden - en nedlagt russisk gruveby

Pyramiden sett fra MS Langøysund en septemberdag i 2010.
Båttur til Pyramiden og Nordenskiöldbreen går fra Longyearbyen og kan bestilles hos Spitsbergen Travel
Kjartan Fløgstad: Pyramiden - portrett av ein forlaten utopi
Ein gong var det russiske gruvesamfunnet Pyramiden ein av dei største busetnadene på Svalbard. Men på slutten av 1990-talet vart byen nedlagt og forlatt. Den står no som ein spøkelsesby inst i Billefjorden.
Russarane lot alt stå slik det var: I Kulturpalasset stod ti tusen bøker i hyllene, i kinoen var filmarkivet komplett. På sjukehuset var det medisinar i hyllene, og legejournalar låg oppslått. I dei små husværa er det framleis møblar, og på barneromma heng bilete av gløymde artistar. Med steinandlet stirer Lenin-bysten nedover ei brei og velregulert hovudgate.
Det er som om folk når som helst skal komme attende og ta opp att arbeidet.
Kjartan Fløgstad har vitja gruvebyar over heile verda. Denne boka er hans essayistiske reiseskildring frå verdas mest utilgjengelige utstillingsvindu.
Fotografi av kunstnaren Siri Hermansen dokumenterer Pyramiden slik byen var fram til hausten 2006.
